Vi skriv no på siste verset av 2018, og nesten som ein tradisjon så er ruskeveret på plass i Todalen og Møre & Romsdal for øvrig. Den vesle snøen vi fekk natt til i går har forlatt dalen for lengst, og ute er det no pøsregn og vind. NVE melder om både kraftig vind og mykje nedbør i vår landsdel, som naturleg nok vil leggje ein dempar på årets nyttårsfeiring.
Yr melder no om både flomfare, jordskredvarsel og kraftig vind; til nord og nordvest liten storm 22 m/s, med topp natt til 1. nyttårsdag. Vinden avtar utpå ettermiddagen, men nedbøren blir stabil og våt, så regnkledene får vi bruk for neste år også..

Kvendsetgarden frå baksida i gråveret nyttårsaften. Fint å ferdast på tur med bare stigar, men litt trist likevel for denne årstida.
Redaksjonen takkar for besøk og bidrag i året som har gått, og håpar de held følgje også inn i eitt splitter nytt 2019!