Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt når ein først kjem ut

Jon Olav Ørsal Sundag 10. mars 2019

På Tjønnmyra var det familiedag med Barn  i løypa.  Litt utrygg værtype gjorde at det var ikkje all verdens store deltaking, men dei som var der storkosa seg i nysnøen – enten på ski eller med akebrett eller rattkjelke.  Sjølv om været er litt «pjusk» så er det godt når ein først kjem seg utendørs og på Tjønnmyra ligg det fantastisk godt til rette for uteaktivitetar.

I lysløpa er det kjørt opp ein skikkeleg trase, med både skiløype og skøytetrase, og på enden av lysløypa er det registreringspunkt for StikkUT Ski i vinter. Her kan du enten registrere deg i boka, eller du kan registrere besøket digitalt på stikkut.no. 

Multitasking – Gunnar Nordvik i skigruppa, sørga både for registrering, bakelssteiking og servering av saft og kaffe. Foto: Jon Olav ØrsaL

I gapahusken var det fyr på peisen, og skigruppa hadde rigga til med kaffe eller saft til deltakarane og Gunnar Nordvik sørga for at bakelsjarnet var varmt – og serverte nystekte bakels til både store og småe.  I gapahuken kan får du tak over hodet, og kanskje varme deg litt dersom det er behov for det. Og ikkje minst er det sosialt – ein typisk plass for å treffe naboen og slappe av med ein kaffekopp.

Vi har laga eit lite bildegalleri frå dagens fami9liedag på Tjønnmyra – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. mars 2019, 17:00