Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt med klimaskifte og nytt miljø…

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juni 2015

Alf Bretteville og Johanna Demker hadde etablert seg med gitar og PC i sjølvbetjeningsbua i Ishuset da vi stakk innom Todalshytta på tysdag – godt i gang med skrivearbeidet og serverte smaksprøver – og klimpra på gitaren attåt. Det var faktisk Johanna som hadde fått ideen til å dra til Todalshytta i lag med fleire kollegaer.

AlfBretteville_JohannaDemker_8471

Alf Brettville og Johanna Demker hadde etablert seg i sjølvbetjeningsbua på Ishuset. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Ho hadde vore med på eit liknande opplegg tidlegare, og fikk lyst til å prøve å få til eit slik opplegg – og kvifor ikkje dra til kulturhytta i Trollheimen på besøk til Eric. Dermed var ideen født, og søknad om økonomisk støtte gikk til NOPA og GramArt om økonomisk støtte. Sidan har det bare ballet på seg og no er vi her, og har det som plomma i egget. Alf Bretteville er morgonfugl, og eit par timar før frukosten kom på bordet tok han turen nedover til Todalsøra og rundt bygda. Han hadde sett mykje på turen, og var fasinert av Todalsøra som han nok på det næraste tok på senga.

Claudia Scott og Asle Beck trefte vi da dei kom frå ein spasertur, og hamna saman med dei i den litle peisestua, der Jeff Wasserman og Amund Maarud hadde prøvekjøring på dagens produksjon. Kanskje får vi oppleve fleire ”uroppføringar” på konserten onsdag kveld?

Gjengen var i allfall enige i at dette var topp opplegg, for her får vi tid til å reflektere – og fred og til å kome i skrivemodus. Godt er det også å kome seg ut på landsbygda og oppleve litt klimaskifte og ikkje minst kome saman i eit fagmiljø, sa Claudia Scott. – Vi har alle forskjellige sjanger, men vi har mykje å lære av kvarandre og det er godt å utveksle erfaringar og liksom få ny input.

Terje Nordgarden trefte vi ute på gardsplassen – han kom ”hesblesande” frå Storhaugen. – Hadde behov for å tømme hovudet etter å ha skrevet 4 tekster på to dagar. Tykte han fikk skikkelig belønning når han kom opp dit og fikk nyte utsikten utover bygda. Han forsvann rett i dusjen før vi rakk å få kameraet i posisjon, men han tykte det var fint å kome til eit felles skrivemiljø – det er lett å bli ståande fast når du jobbar åleine.

Det var triveleg å besøke denne gjengen på Todalshytta, og no er det berre å gle seg på konserten dei skal halde på Gammelfabrikken onsdag kveld. Eric Malling som er vert på Todalshytta lova prima bacalao – a la Roaldset før konserten.  Dørene opnar kl 20 – konserten startar kl 21.00.

 

Publisert: 2. juni 2015, 21:30