Tysdag serverte Todalen bondelag lunsj til små og store ved Todalen oppvekstsenter, – noko som dei har gjort i mange år. Bondelagslunsjen er slik blitt ein god og triveleg tradisjon.
Vanlegvis skjer dette 6. februar. Da kjem sola att til oppvekstsenteret etter tre månader bak fjella, og så er det også samefolkets nasjonaldag – altså mange grunnar til å ha ein festdag. Men i år fall denne dagen på ein laurdag og dermed vart feiringa utsett. Og i dag vart det til og med ein gløtt av sol!
Frå bondelaget stilte i dag leiaren i bondelaget, Ola G. Kvendset, Per Åke Jakobsson og Sven Olav Svinvik. Ola Kvendset fortalde litt om maten dei serverte: nydeleg brød som var steikt i gammaldags steinomn i Steinarstuå, koka egg frå Pestuå og kakaoen var laga av mjølk frå Viastuå – kortreist mat! Skuleungane hadde baka solbollar, og barnehagen stilte med appelsin, – gul som sola! Maten smaka kjøle godt og gjekk ned på høgkant!
Alle både i barnehagen og i skulen set stor pris på at Todalen bondelag kjem på besøk og samstundes serverer så god mat. Dei er velkomne att neste år!