Selma har det på stell for dei to kaninane Perneille og Snøfnugg som bur i hagen hos familien Skjerve/Gjeldnes i Bekkerhagan. Her har dei to eit stort bur, med ein underjordisk gang inn til hiet der ei lita varmelampe sørger for at dei har det tørt og varmt når kulda sig på ute.
Selma og Ådne steller godt med kaninane og sørgjer for at dei har nok mat og drikke, og at dei har det godt og trygt i det lille krypinnet i hagen. Der er det ogå lagra høy til vintermat, som dei har samla i løpet av sommaren. Så no er det klart for at vinteren kan koma etterkvart.
Den kvite kaaninen som heiter Snøfnugg er av rasen Fransk vedder, medan Pernille er ei blanding mellom fransk vedder og New Zealand red.