Lokalprodusert mat grip om seg og blir stadis meir populært, men utfordringa for lokale produsentar av mat og næringsmidler er distribusjonen. Mange har for liten produksjon til at dei kan kome seg inn på dei tre store matvaredistributørane som dominerer marknaden i Norge, men samtidig er det for kostbart å bygge opp eit eige salsnett. Onsdag hadde Matkroken besøk av Godt Norsk, som fylte opp hyllene på Matkroken Todalen med varer frå lokale produsentar.
Godt Lokalt er ei kjededanning som driv over heile landet, men har lokale forgreiningar, mellom anna i Surnadal. Her er det Per Olav Bredesen og Steinar Fjærli som sørger for distribusjon i eit distrikt som består av Sør Trøndelag (Hitra, Frøya, Hemne, Orkdal og Oppdal), samt Nordmøre og Romsdal. I sin kolleksjon ahr dei matvarer frå Snekvik på Enge, Norsk Kvalitetsmat i Surnadal og Børset Bakeri i Rindal for å nemne nokre av dei lokale. Surnadalsfirmaet heiter Spesialgrossisten Møre og Romsdal AS, og er altså ein av medlemane i Godt Lokalt.