Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt grasår – full fart med 2.-slåtten

Jon Olav Ørsal Fredag 11. juli 2025

Den gode sommartemperaturen har sett fart på grasvoksteren – no er 2-slåtten i gang.   Todalen Mjølk starta slåmaskina i dag, og i løpet av eit par-tre dagar skal rundt 2000 mål haustes inn.  Ein del skal kjøres gjennom kutteren og leggast i flatsilo, medan noko av arealet skal pakkes i rundballar.

Tor Asbjørn Karlsen i gang med riva – først skal det breiast og så samlast i rankar til kuttaren. Foto Jon Olav Ørsal

Førsteslåtten var omtrent midt på treet og kan seieast som eit normalår, medan 2.-slåttet ser ut til å bli veldig bra med mykje fint fôr.  Det er da bra vokster på graset når det er bra med fuktigheit, slølv om det ikkje er så sterk varme.  Men no når det vart finvêr og varme så så skaut det i eg for fullt.  Enno har vi ikkje nådd midten av juli, så det blir nok enda ein runde med 3.-slått når vi når litt uti august.  Dermed kan det vel bli eit kronår, dersom alt slår til.  

Publisert: 11. juli 2025, 16:00