Etter at Toåa var stengt for fiske nokre dagar på grunn av lita vassføring og høg vasstemperatur, har det vore godt fiske den siste veka. Den siste veka er det teke 10 laks og aure – det mestesmålaks – tilsaman er det no teke 40 laks og sjøaure i denne sesongen som har vore litt spesiell.
34 av dei 40 fiskane er tekne på flue, medan 5 er tekne på sluk og den siste på spinnar. Snitt vekta hittil i år er 3,2 kg, som er litt under fjorårets gjennomsnittsvekt på 3,4 kg. 33 av dei 40 fiskane er gjenutsett, medan 7 er avliva – deriblant ein pukkellaks på 1,4 kg som vart teken i Raubekkhølen.
Vi har tru på at det gode fisket vil fortsette, da vêrmeldinga YR.NO melder om meir regn dei komande dagane. Vi reknar og med at det blir fleire fiskarar som vil prøve lykka i Toåa i helga og i innspurten av fellesferien.