Kjell Gunnar Polden har sendt oss nokre bilde frå søndagens sommargudsteneste – han skriv: «Sommargudstenesta i Todalen kyrkje var godt besøkt. Nærare førti personar hadde funne vegen i godvêret. Prest Bjørn Hovde snakka om at det er viktig å ta vare på alle, og brukte likningar som eksempel.
Som vanleg var det triveleg kyrkjekaffe servert av kyrkjevertane frå soknerådet, og kyrkjegarden låg fin og nyslegen. Dugnadsånda er god i Todalen.»