Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt besøk på skidemo

Elinor Bolme Tysdag 12. februar 2019

Fleire tok turen til Tjønnmyra i går kveld etter at det vart annonsert at det var mulegheiter for å prøve ulike variantar av felleski frå Intersport. Det var Jo Kvande Hansen som sjølv hadde invitert seg innover slik at også todalingane skulle få prøve ut det nyaste, enklaste og beste innan trim, tur og trening på langrennski fronten. I helga hadde han vore både i Rindal, Kvanne og på Nordmarka med samme tilbud. Det var faktisk betre oppmøte av vaksne som ville prøve ski enn av ungar på barn i løypa denne kvelden. 

Jo hadde med seg eit godt utvalg av både fischer og rossignolski, og kunne veilede den enkelte etter kva behov som det var ønske om. Her er vekt på brukar ein viktig faktor for best muleg grep, feste og glid. Lyg ein på vekta spelar det dermed inn på korleis skia verkar ute i løypa. 

Tross store nedbørsmengder tidlegare på dagen var lysløypa nyoppkjøyrt til både skidemo og barn i løypa. 

 

Gudmund Kvendset og Trygve Halle tok både ein og to runder med demoskia. Dei var enige om at utstyret hadde forandra seg sidan dei konkurrerte på topp. Karane derimot var ved godt mot!

Magne Søyset og Finn Ranes vekslar i demoområdet. Som de ser var det mange ulike ski og velge i, og da var det absolutt greit at ein fagmann som Jo kunne anbefale kva som var lurt og ikkje til dei ulike behova.

Til slutt var det berre herretrimmarane som var att, og når det roa seg vart det servert både kaffe og lefser på både skigåande reporter og Jo.

Først publisert: 12. februar 2019, 05:37 - Sist oppdatert: 11. februar 2019, 23:16