Søndag var det 3 veker sia shibaen Natiri kom bort under ein fjelltur saman med eigaren Anders Mo. Da starta marerittet for Anders, for hunden Natiri var det kjæraste han åtte. Dei tre vekene har ikkje Anders fått fred i si sjel på grunn av dette. Laurdag kveld kom telefonen som Anders hadde venta på i 3 veker – Natiri var funne, men desverre så var ho død.
Men det var likevel ein god telefon å få, for dermed var i allfall slutt på alle spekulasjonar på kva som hadde skjedd med Natiri. Ho vart funne i eit bratt og ulendt terreng i Blåfjellet, og det ser ut som ho har mista fotfestet og rasa utfor – kanskje så mykje som 50 meter.
Det var ein turgåar som fann Natiri og som gjorde ein sikker observasjon med kikkerten. Det har vore gjort forsøk på å kome opp til funnstedet, men det har enno ikkje lykkast, fortel Anders. Men i løpet av veka er han lova klatrarhjelp, så da skal vi få frakta Natiri ned.
Anders fortel at han har gått rundt 11 mil og nærare 200.000 skritt i løpet av dei 3 vekene, så det var verkeleg godt å få den telefonen som han har venta på. No rettar Anders ein stor takk til alle som har vore med og leita, og til alle som har brydd seg og som har kome med helsingar og trøst. Det har vore eit stort engasjement både i Todalen, på Ålvundeid og andre plassar.