Todalen sanitetsforening heldt årsmøte i Sanitetshuset 6. februar, – eit møte med godt oppmøte og gode diskusjonar. Fungerande leiar Solveig Glærum ønskte vel møtt, og ho syntest det var kjekt at oppslutninga om årsmøtet var så bra!
Kristine Saksen vart vald til møteleiar; – dyktig og bestemt heldt ho god orden på møtelyden.
Frå årsmeldinga for 2023:
*Elleve medlemsmøte, fem styremøte og ni arbeidsmøte/prosjektmøte.
*Fredrikkekaffe (strikkekaffe) – ti laurdagsettermiddagar.
*Tretti kløverturar.
*Prosjekt Russ 2023 – samarbeid med Surnadal sanitetsforening og Surnadal sparebank.
*Inn på tunet – aktivitetstilbod for personar med kognitiv svikt/demens – vart avslutta hausten 2023 p.g.a. manglande prosjektmidlar
*Samarbeidsmøte om lokal beredskap i Todalen.
*Andre arrangement: Basar med nonsmat, sommaravslutning, foredrag om framtidsfullmakt, foredrag om spiseforstyrrelsar.
Todalen sanitetsforening hadde 87 medlemmer 31.12.2023.
Driftsresultatet syner eit underskott på 85 000 kroner, og det er budsjettert med underskott i 2024. Heldigvis har laget hatt god økonomistyring og har reservar.
Valg
Valgnemnda hadde gjort ein solid jobb:
Solveig Glærum vart vald til ny leiar. Dei andre i styret er: Nestleiar: Nina Heimlund, sekretær Steffi Bohle, kasserar Ragnhild Ansnes Moe, styremedlemmer Kari Kvendset og Åse Ville Redalen. Varamedlemmer Arndis Søyset og Jorunn Gislaug Ørsal.
Medlemmer i husstyret etter valget er Jorunn Husby og Synnøve Hole Talgø. Synnøve Talgø har ansvar for utleige av Sanitetshuset, tlf.: 907 00 429.
Årsmøtet vart avlutta med stor takk og velfortent ros til Maren Ansnes for det omfattande og solide arbeidet ho har lagt ned for Todalen sanitetsforening i ei årrekke!
Etter årsmøtet var det medlemsmøte. Da vart det trekking av kunstlotteriet 2023, og den heldige vinnaren av biletet «Lofotveggen» vart Ola H. Ansnes. Vi gratulerer!
Kvelden vart avslutta med at Nina Heimlund las denne teksta av Nadine Starr – til ettertanke:
Hvis jeg skulle leve livet mitt om igjen …
Jeg ville våge å ta mer feil
Jeg ville slappe av. Være mer smidig.
Jeg ville være mer enfoldig.
Jeg ville ta færre ting alvorlig.
Jeg ville ta flere sjanser.
Jeg ville ha flere opplevelser.
Jeg ville bestige flere tinder
og svømme over flere floder.
Jeg ville spise mer is og færre poteter.