Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt årsmøte i Sanitetsforeninga

Dordi Jorunn Halle Onsdag 7. februar 2018

Tysdag 6. februar var 19 medlemmer samla til årsmøte i Todalen sanitetsforening. Etter god, gammel tradisjon starta møtet med kvikk allsong; denne kvelden var det tid for nasjonalsong da det var samenes nasjonaldag. Det vart «Du gamla, du fria», da den samiske nasjonalsongen vart for vanskeleg.

Rundt «styrebordet» – May-Elisabeth har halde orden på papira i 24 år! Frå venstre: Kari, Anne Helene, May og Maren. Foto: Dordi J H

Årsmelding og rekneskap syner at Sanitetsforeninga har hatt stor og variert aktivitet i året som gjekk, altså 2017. I årsmeldinga kan vi mellom mykje anna lese om desse tiltaka og arrangementa:

  • 11 medlemsmøte og 11 styremøte
  • Generalsekretær i NKS, Grete Herlofsen, deltok på sommaravsluttinga. Ho inspirerte medlemene til å stå på vidare for å utføre godt sanitetsarbeid.
  • Bueining B i Sanitetshuset vart opppussa – no er 3 av 4 bustader rehabilitert.
  • Rekneskapen syner at det er store utgifter og mykje arbeid med å drift og vedlikehald av Sanitetshuset
  • Arbeid mellom unge: tilbod om gratis meningokokkvaksine, Aksjon Russ 2017, samling på Ungdomsskulen med tema : «Tilbake til livet»
  • Sanitetsforeninga har presentert seg med stand både ved 175-årsjubileet til Surnadal sparebank og «Sirkus Su-SU» i idrettshallen
  • Arbeidd for å verve nye og aktive medlemer
  • Lokallaget støttar økonomisk åtte fond i regi av NKS sentralt – gjennom desse fonda blir det utført mykje viktig og godt arbeid som t.d. forskning på helse og levevilkår for kvinner, stoppe vald mot kvinner, betre psykisk helse for barn og unge, kamp mot skjønnhetstyranni osb.
  • «Fredrikkekaffe» om lag kvar tredje veke, basar, kunstlotteri, markering av fastelavn ved Halsbua med kakao, bollar og sal av ris
  • To nye basisaktivitetar kom til i 2017: leseven i skulen og kløverturar

Rekneskapen syner at Sanitetsforeninga gjekk med underskot siste året, inntektene vart noko mindre enn budsjettert og utgiftene til oppussing av Sanitetshuset vart høgare enn planlagt. På årsmøtet vart det nemnt at det framleis er mykje som trengst til vedlikehald og fornying i Sanitetshuset som oppussing av siste leiligheita, ny ytterdør på kjøkkenet, nye utelamper, ny komfyr osb.

Styre og husstyre. Femst frå venstre: Anne Helene Teilgård Halset, Kristine Saksen Ulvund, Maren Ansnes. Attafor frå venstre: Marit Sanden Søyset, Kari Kvendset, Dordi Jorunn Halle, Ragnhild Ansnes Moe og Steffi Bohle. Ingrid Pedersen og Åse Ville Redalen var ikkje til stades.  Bak kamera: May.

Etter valet er desse tillitsvalde i Todalen sanitetsforening:

Leiar: Maren Ansnes, nestleiar Kari Kvendset, kasserar: Ragnhild Ansnes Moe, sekretær: Kristine Saksen Ulvund, styremedlemer: Åse Ville Redalen og Ingrid Pedersen. Varamedlemer: Steffi Bohle og Dordi Jorunn Halle. Husstyre: Marit Sanden Søyset og Anne Helene Teilgård Halset.

Elinor Bolme og May-Elisabeth Holten tok ikkje attval og gjekk ut av styret. Båe to fekk mange takk og ros for stor innsats og godt arbeid for Sanitetsforeninga gjennom mange år av leiar Maren. May har vore medlem i 25 år og sekretær i 24 av desse åra! Det er ein innsats som det står stor respekt av!

Full konsentrasjon under gjennomgang av årsmelding og rekneskap. Frå venstre: Dordi Vatn Hals, Helen Saksen, Liv Larsen, Steffi Bohle, Grete Torvik, Arndis Søyset. Foto: Dordi J H

I omsorgsberedskapsgruppa sit desse i leiargruppa: Jorunn Gislaug Ørsal, May-Elisabeth Holten, Åse Ville Redalen, Karen Johanne Talgø og Steffi Bohle. Omsorgsberedskapsgruppa har servert to trerettersmiddagar for folk i bygda – populære arrangement! Dei har arrangert kurs i brannvern og førstehjelp, deleteke på fagdag om omsorgsberedskap og øving i krisehandtering for kommunane i Møre og Romsdal. Ved kriser og større ulykker er frivillig innsats av svært stor verdi.

Kunstlotteriet er no avslutta. Nathalie Astrid og Kevin Anders vann biletet med blomster som Ragnhild viser fram. Rune Moe vann det andre biletet med motiv innover fjorden. Anne Helene er ansvarleg for trekkinga og Kristine har teke dei flotte bileta. Foto: Dordi J H

Sanitetsforeninga har ein viktig rolle i bygda vår og i kommunen – vi ønskjer dei lykke til med arbeidet framover!

        

 

Publisert: 7. februar 2018, 03:06