Måndag føremiddag trefte vi denne gjengen som kosa seg i sommarvarmen i Toåa tursti – eller nærare bestemt ved gapahuken ved Båthølen. De ti damene var ute på «Kløvertur» i regi av Todalen sanitetsforening, og dei let som så at det var litt for trimmens skuld og kanskje mest for å treffast og ha det triveleg i lag.
Og i dag føremiddag var det faktisk over tjue varmegrader, og da gjekk det an å ta ein lang og god pause før dei runda av turen og gjekk kvar til sitt. Toåa tursti er eit mykje bruka turmål, og er både StikkUT-tur og eit turmål i TILs «Turar i Todalen. Kjem du utafrå så er det lett å finne fram, for du brukar parkeringsplassen ved kyrkja, og følgjer merka løype vidare derifrå. God tur!