Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt å ha gode venner…

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. mai 2016

Laurdag føremiddag var det stor aktivitet på alle frontar på Gimle, hos Jon Olav Roaldset. Ein gjeng med venner hadde gått saman om å hjelpe Roaldset med å få ved i hus og  med å få vegen opp til Gimle i skikkeleg stand etter at den rann ut, med både skråping og grusing. Det var også behov for litt grøfterens og rydding av småskog rundt husa. Det siste året har det gått litt trått for Jon Olav, etter at han ble hjartesjuk og måtte ta det med ro – no treng han ikkje gruble meir på dette, etter at vennene stillte opp for å hjelpe.

DSC_9340

Jon Olav Roaldset har måtta ta det med ro det siste året. No ser han fram til å få orden på helsa igjen. No blir det operasjonen i slutten av mai. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er godt å ha venner som stiller opp, seier han. Han er tydeleg rørt over at det som skjer rundt han, der han sitt i godstolen og ser på TV’n med ein kaffekopp på bordet. Eit hjartinfarkt snudde tvert om på ein travel kvardag i fjor, og det siste året har det vore ut og inn på sjukehus for diagnose og behandling. Roaldset har sjølv vore den typen som har stillt opp for å hjelpe til, og det er nok litt uvant for han å være den som tek i mot hjelp. Men du verden han var glad  –  no treng eg ikkje gruble meir på korleis dette skal ordnes, seier han, og fortel vidare at han no i slutten av mai skal inn på sjukhuset for å få ein ny hjarteklaff, og da tek det kanskje ikkje så lang tid før eg er operativ igjen…

Det var Johan Kvendset som fikk ideen til å lage dugnad. Han lufta dette med andre venner, og det var berre velvilje, fortel Johan, som forøvrig feira eigen 80-årsdag for nokre dagar sia. – Terje Nordvik vart i «fyr og flamme» og lova at Matkroken skulle sponse dugnadsmaten. Beredskapsgruppa i Todalen sanitetsforening ordna maten og serverte sodd og loff til heile dugnadsgjengen etter at dugnaden var ferdig.

Det er godt å ha gode venner, seier Jon Olav Roaldset, som rettar ein stor takk til dugnadsgjengen og til sponsorane for både mat, ved og grus!

Bildeglimt frå dugnaden på Gimle  –  alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 14. mai 2016, 16:05