Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gode relasjoner som resulterte i utstilling

Elinor Bolme Torsdag 27. februar 2020

Kunstnarane Brit Dyrnes og Beate Gjersvold rigga i dag ferdig utstillinga «Relasjoner #2» i Galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Ikkje riktig alt var på plass da vi tok turen innom, men med ein sniktitt i kulissene kunne vi konstatere at dette blir ei utstilling det er verd å ta turen for å sjå når dei åpner dørene på laurdag.

Begge kunstnarane er opptekne av landskap på kvar sin uttrykksform. Beate Gjersvold målar dei, medan Brit lagar dei. Beate poengterer at landskapa hennar ikke er fra verkelege stader. -Det er ikkje landskapet som stad eg uttrykkjer, men uttrykket for følelsar, tilstand og hendingar. Med hytte og inspirasjon frå Aure er det nok nokon som meiner dei kan sjå att Tustnastabbane i bileta, men det er nok auge som ser, meiner ho. 

Både Brit og Beate er opptekne av pigmenta og oksydenes egenskapar og verkningar i tørke- og brenningsprosessen. Relasjonar har oppstått i dette samarbeidet og undersøkingane, og etter forespørsel fra Surnadal Kunstforening vart det dermed ei fin utstilling av det.

Ein av installasjonene til Brit Dyrnes. Ho uttrykkjer seg med leire, gjerne henta lokalt slik som leireklumpen bak kunstverket, som kjem fra Sunndal.

To av mange fine bilder av landskap, som landskap av Beate Gjersvold. Ho stiller ut kun akvareller i ulike fargenyansar. Men gjerne like i motiv.

Olav Karlstad stiller opp som handyman når det er utstilling i regi av Kunstforeninga. -Olav er gull ved for oss seier dei to utsfillarane.

Surnadal kunstforening er medlem av Todalen.no.

Publisert: 27. februar 2020, 18:11