Fredag morgon la SpareBank 1 Nordmøre fram resultatet sitt per 1. halvår 2025. Resultatet viser eit resultat på 318 millionar, som er ein auke 62 millionar samanlikna med same periode i fjor.
– Vi er meget godt fornøyde med resultatet vi har oppnådd, og vi leverer det historisk beste kvartalet og første halvår noensinne, sa administrerande direktør Allan Troelsen under pressetreffet. – Vi er spesielt fornøyde med styrket egenkapitalavkastning som følge av økte inntekter, effektiv kostnadskontroll og lavere tap på utlån, la han til.
SpareBank 1 Nordmøre er einaste selskap frå Nordmøre på Oslo Børs si Hovudliste. Dei godt og vel 1700 eigarane som eig 36 prosent av banken, kan gle seg over at verdien på eigenkapitalbevisa har auka frå verdien på 110 kroner ved fusjonen i 2021 til rekordhøge 164,5 rett etter resultatframlegginga fredag morgon.
SpareBank 1 Nordmøre har opplevd vekst over tid, og etterspørselen etter bankkonsernet sine tenester er heilt avgjerande for det historisk gode resultatet.
– Godt resultat for banken er viktig for kundene, og helt avgjørende for at vi som bank kan bidra til å øke attraktiviteten i lokalsamfunnene våre, sa Troelsen.
Troelsen kunne også skryte av at banken har dei mest nøgde kundane i SpareBank 1-alliansen.
– Å arbeide i banken skal og må være bra for å skape de resultat vi gjør, sa han.
Banken har opplevd ein utlånsvekst på 1,9 milliarder kroner, noko som er ein vekst på 5,8 prosent dei siste 12 månadane.
Veksten gjev ein god auke i banken sine inntekter, og det er Troelsen nøgd med. – Vi forventer også en god utlånsvekst i andre halvår, sa han.
Det siste året har innskotsveksten styrka seg med 1,4 milliarder kroner, ein vekst på 8,1 prosent. Resultatet etter skatt ga ei eigenkapitalavkastning på 12,7 prosent, mot 10,7 prosent same periode i fjor.
SpareBank 1 Nordmøre konsernet har ved utgangen av årets andre kvartal ein forretningskapitalpå på 42 milliarder kroner, mot 32 milliarder kroner ved fusjoneringa i 2021. Det gode resultatet gjer at banken aldre har betalt så mykje skatt som no.
Første halvår auka både rente- og provisjonsinntektene samanlikna med same periode i fjor.
Det var ein godt nøgd Troelsen som la fram banken sitt resultat fredag morgon.