Onsdag kveld gjekk trimturen til Fauskhjellen ovanfor Ørsalen. Sju ivrige turgåarar starta opp Ræta i lag med leiar i trimgruppa, Jorunn Nordvik. Skikkeleg motbakke i starten så vi fekk pusta godt! Fin sti å gå etter, og det var ikkje noko problem å forsere Inneråa.
Oppe på Fauskhjellen er det både bord og benkar – retteleg fin rasteplass, og dette er ein høveleg lang kveldstur.

Pause oppå Fauskhjellen. Frå venstre: Sigrun Ørsal, Marit Sanden Søyset, Ragnhild Ansnes Moe, Jon Bruset, Jorunn Nordvik, Steffi Bohle, Åse Ville Redalen. Foto: Dordi J H
Det er fleire ruter å gå – det er fint å starte både frå Reita, Teigen og Ørsalen. Nokre av turdeltakarane gjekk ned att til Ørsalen – der var det fin, grasvokse skogsveg det siste stykket.

Fin sti og triveleg terreng å gå i. Foto: Dordi J H
Fauskhjellen er ein av dei ni trimpostane til Todalen idrettslag. Dei andre er Gammelsetra i Kvennsetdalen, Løfta, Haukarsteinen, Naustådalssetra, Talgøsetra, Storhaugen, Tårnet og Ansnessetra. Alle desse plassane er vel verdt eit besøk.
Neste onsdag legg trimgruppa opp til fellestrim til Åsbøsnyta. Oppmøte på Matkroken kl. 18.30 – samkjøring til Nordvik. Det er kjekt å gå på tur i lag, alle er velkomne til å bli med!