Etter halvanna veke med laksefiske i Toåa er vi eigentleg godt nøgd med fangsten, fortel Stig Husby, som er leiar i Todalen Elveeigarlag (TEL). – Vi har lagt med mykje arbeid i å forvalte laksefisket dei siste åra, og tykkjer eigentleg at vi har lykkes bra.
Samarbeid
Stig fortel at dei denne sesongen har satsa på hyppige oppsyn – ikkje berre for å føre kontroll, men også for å kome i kontakt med fiskarane for å høyre litt kva dei meiner, og for å få til eit godt samarbeid. Samarbeider gjer og Todalen Elveeigarlag og Todalen Idrettslag om campingplassen på Bordholmen – her kan fiskarane campere godt og billig når dei er her på laksefiske – du tek berre kontakt med Laila Bergli og får anvist plass. Les meir om fisket i Toåa på Elveguiden
Eksklusiv utleie
Seinar i sesongen – nærare bestemt den siste veka som går frå 8.-15 august vil vi prøve oss med ei «eksklusiv veke» der vi vil leie ut det meste av elva med nokre unntak til ein leietakar, som vil få disponere heile 8 fiskestenger. Dette vil bli marknadsført etter kvar og og du kan få meir info om opplegg og pris ved å kontakte leiaren i TEL.
Satsar på ungdommen
Husby fortel også at TEV også satsar på å engasjere ungdommen – vi opplever ei forgubbing i laksefiske, og vil derfor prøve å få med oss fleire ungdomar. Derfor vil det i løpet av sesongen bli arrangert eit kurs i kasteteknikk og fluefiske. Tidspunkt kjem vi attende på, seier Husby.