Torsdag spela Søya/Todalen J 10 siste kampen sin for sesongen 2016. Det var Sunndal J10 som var gjestelag på Bordholmen denne fine, men litt kalde haustkvelden. Jentene på båe laga var riktig dyktige fotballspelarar og innsatsen var stor. Det var mange gode målsjansar, men og fine redningar frå målvaktene, ein riktig underhaldande kamp.
Jentene frå Søya/Todalen kom godt i gang og skåra første målet, og dei heldt leiinga gjennom heile kampen som enda 11-6 i favør heimelaget. Altså ei super avslutning på sesongen for J 10. Bjørn Kvande er trenar for laget, og Per Arne Hyldbakk er oppmann. Emma Sæther var dommar i kampen.
Det var ikkje så mange tilskuarar, men dei som var der, såg ut til å kose seg. Som vanleg var det open kiosk, og det var godt å verme seg med kaffe og nysteikte bakels og god graut.