Todalen sanitetsforening inviterte eldre sambygdingar til middag i sanitetshuset tysdag 12. november; eit kjærkome tilbod for mange! Det er godt å samlast til felles måltid og prat.
Leiar i omsorgsberedskapsgruppa, Jorunn Hals Ørsal, ønskte velkomen til bords. Ho orienterte om maten og starta med å seia at det vart både kortreist og heimelaga mat. Ingrediensane til lapskausen var rett nok kjøpt, men hos den lokale kjøpmannen, Terje N. Nesten næraste nabo. Til drikke vart det servert blåbærsaft frå Austigarden, tyttebæra var plukka noko i Surnadal og resten i Todalen. Sviskegrauten kom frå Pestua, og til kaffien vart det servert heimebaka fyrstekake og sukkerkringle.
Praten stilna da maten kom på bordet, og folk åt godt og tykte alt smaka fortreffeleg; kjempegodt alt i hop!
Etter hovedretten var det utdeling «Barnets lykkeskilling» – eit fint, lite sølvsmykke som det er lang tradisjon for å dele ut til nye verdsborgarar av Sanitetsforeiningar i Noreg. Maren Ansnes, leiar i Sanitetsforeninga i Todalen, fekk i dag gleda av å dela ut lykkeskilling til Annea som snart er 8 månader. Maren ønskte Annea alt godt i åra som kjem! Annea og foreldra har nyleg flytta til Todalen, og Maren ønskte dei alle tre velkomne til bygda og håpa at dei vil få det godt og triveleg her.
Maren hadde ei overrasking på lur også, ei uventa gåve var kome i hus. Bjørnhild Fiske vev fine Nordmørsåkle, og ho hadde sendt eit retteleg fint åkle til Sanitetsforeninga. I dag var ho og mannen inviterte til middag slik at ho kunne få ein skikkeleg takk! Maren takka Bjørnhild for den flotte gåva og kunne fortelje at åkleet vil bli gevinst i kunstlotteriet i 2020.
Mange takk til kokkar og medhjelparar som hadde lagt ned så stort arbeid for å stelle i stand så god mat og få til ei slik triveleg stund i Sanitetshuset!
Fleire bilete: