1.påskedag er siste dag med kunst- og fotoutstilling i Skulstua. Det er Reidar Østvik og Sissel Halset Storslett som i samarbeid har hatt utstilling – Reidar Østvik med fotoutstilling i 1. etasjen og Sissel som har stilt ut måleri i 2. etasjen. Da vi var innom i ettermiddag var det over hundre persjonar som har vore inn i løpet av desse dagane. Det var dei godt nøgd med.
Sjølv om Reidar først og fremst brukar kameraet, så er han også dyktig med Photoshop, og prøver seg fram med forskjellige effektar. Resultatet blir ofte bra og litt utanom det vanlege fotografiet. I tillegg svingar han også penselen når det passar seg. Han har hatt fleire utstillingar både her i Todalen og andre plassar.
Sissel er også ein rutinert kunstnar og har delteke med utstillingar både i Sunndal og i Surnadal i tillegg til tidlegare utstillingar i Todalen.