Det er 12 år sia sist det var gevirutstilling og bedømming av gevir her i Driva-distriktet. Komande laurdag arrangerers det ny gevirutstilling i regi av Surnadal Jeger- og fiskeforening i samarbeid med avisa Driva. Da er det Todalen ungdomshus som er arena og utstillinga er opa frå kl 10 og utover til kl 16.00.
Det har vore stor interesse for å få bedømt gevir frå storvilt – både elg, hjort, rådyr og rein, sier Nils Gjeldnes og Ragnar Halle som har teke mot gevir til bedømming på vegne av Surnadal JFF. Dei fortel at det er kome meir enn tjue flotte gevir til bedømming, og fredag blir nok ein travel dag for gevirdommar Øivind K. Veskje som kjem frå Oppdal.
Denne dagen vil det også bli stilt ut fleire flotte gevir som er bedømt tidlegare – både gull- og sølvgevir, og det kjem nok til å bli mang ein jaktprat og jakthistorier i ungdomshuset denne dagen.
Dersom det er fleire som vil ha bedømt sine gevir, og er litt seint ute, så begynner det å haste no, seier Ragnar Halle. Da må det eventuelt takast kontakt slik at det kan gjerast ein avtale om oppmøte og innlevering. – Elles lokkar arrangøren med kaffe og nystekte bakels til jaktpraten.