Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God oppslutning på feiring av Samefolkets dag i Surnadal

Pål Arne Winsnes Laurdag 8. februar 2025
Det ble ei stor markering av Samefolkets dag på Kyrkjelydshuset på Skei torsdag 6. februar, då Indre Nordmøre prosti i samarbeid med Samisk kyrkjeråd og Kyrkja i Surnadal inviterte til feiring. Til at dette var fyrste gongen denne dagen vart markert på ein slik måte, var det god oppslutning. Her kom både folk med samisk opprinnelse, folk som har samer i sin slekt, og folk som har hatt og fortsatt har et nært forhold til samer. 

Sverre Hatle, May Bente Anita Jønsson og Pål Arne Winsnes

 
Feiring starta med gudsteneste på både nordsamisk, sørsamisk og nynorsk, samiske salmer og musikk, kyrkjekaffe med bakkels, aktivitetar basert på den nye aktivitetsboka til Sør-samisk kirkebok som vart lansert i Nidarosdomen lørdag 1. februar. 

Leder May Bente Anita Jønsson, helste frå Samisk kyrkjeråd i Noreg. Foto Pål Arne Winsnes

Leder May Bente Anita Jønsson, helste frå Samisk kyrkjeråd i Noreg. Ho jobber i kyrkja på Sunndalsøra som menighetsarbeidar.
Stig Sæter og Karen Oddny Gravvold frå Øye og Ranes sokneråd stilte opp som vertsskap. 
Tidlegare lærer i Finnmark Sverre Hatle, som snakkar flytande nord-samisk var med som klokkar. Diakonitenesta stod Gro Hauge Venås for.
Fleire tok til orde for at dette måtte bli èin tradisjon. 
 

Vår kirkebok med samisk tekst. Foto Pål Arne Winsnes

 
Og når vi kom ut i kveldinga var månen omringa av èin stor sirkel , som visstnok er eit spesielt værfenomen. Ein symbolikk vi også kjenner igjen frå det samiske flagget, der sirkelen i flagget symboliserer sola og månen. For et sammentreff på Samefolkets dag.    
Meir info om samisk kirkeråd finn ein på kirken.no/samisk

Symbolikk – ring i rundt månen på Skei. Foto Pål Arne Winsnes

Publisert: 8. februar 2025, 14:24