Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God nok, som du er!

Elinor Bolme Onsdag 23. september 2015

5 sanitetsforeninger, velvillige sponsorar og interesante foredrag var ein vellykka kombinasjon då sanitetens veke vart opna i Storstua på mandag. Her samla sanitetsforeningane først over 300 ungdomsskuleelevar frå henholdsvis Surnadal og Halsa barne og ungdomsskule til felles foredrag på dagtid, medan foreldra vart inviterte til samme foredrag av forfattar og bloggar Marta Breen i skulekantina til kvelds.

Dette er første gongen sammarbeid mellom skule og saniteten på eit slikt nivå, og inspektør Inger Anne Sunde ved Surnadal Ungdomsskule var tydeleg under førebuingane med sanitetsforeningane: dette set vi pris på å få bli ein del av. Problematikken rundt skjønnhetstyranniet er aukande, og vi treng å arbeide saman om temaet. Derfor var administrasjonen ved skulen velvillige til å sende elevane til kulturhuset der dei vart presentert for Marta Breen sitt foredrag.

Dramalinja ved Indre Nordmøre kulturskule hadde som innleiing laga si eiga toklning av temaet, og trefte nok både ungdomane og foreldre med sine framføringar.

IMG_0827

Marta Breen sette tankane i sving med sine vinklingar om tema som ofte undertrykkjer kvinner i media.

IMG_0829

Marit Syrstad frå PP-tjenesta i Surnadal kommune orienterte til slutt om kva utfordringar både dei, og ikkje minst ungdommen sjløv står overfor i jaget på det perfekte.

IMG_0824

Jentene ved dramalinja imponerte med sitt sjølvskrevne materiell, både på dagtid og kveldstid.

 

IMG_0825

Tilbakemeldingane til arrangørane hos Todalen, Halsa, Valsøyfjord, Torvik og Øvre Surnadal Sanitetsforeningar var positive. Temaet er viktig å sette på dagsorden. De tykte både ungdommane sjølve og foreldra som tok turen til kveldsmøtet.

Les meir om arrangementet på dagen hos Trollheimsporten: Kropp, kjønn og skjønnhetstyranni, hos NRK Kjemper mot skjønnhetstyranniet og i dagens papirutgave av Driva.

Dei lokale sanitetsforeningane takkar Surnadal kommune, Halsa kommune, Svorka, Surnadal sparebank og kvinnehelsekomiteen NKS Møre og Romsdal for økonomiske bidrag i anledninga, og ikkje minst for slik ei velvilje frå ungdomsskulane i dei to kommunane.

Publisert: 23. september 2015, 05:00