Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God julestemning i Myrvang

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. november 2024

Det var god julestemning i Myrvang, da dei diska opp med julemesse i storsalen i forsamlingshuset.  I år var det 9 utstillarar, og dei venta bra innrykk utover dagen – både frå Kvanne/Stangvik, og frå Surnadal og Todalen. Julemessa er opa berre laurdag. og i tidsrommet 11:00 – 16:00.  

Frå Todalen deltok Bjørn Kvendset og Ingrid Wesche Kvendset. Bjørn kunne by på både lynghonning og sommarhonning av eigen produksjon. Foto Jon Olav Ørsal

Alle utstillarar var av det lokale slaget, og jammen var det mykje fine varer – både strikking og hekling, men og bakverk, lappetepper og mykje anna. Og på matsalen var det kaffeteria med både sjokoladekake og sågar trur eg dei kunne by på julebakst. 

Kaffepause – Anne Kristine sørga for traktering med kaffe med noko attåt. Foto Jon Olav Ørsal

Det er forsamlingshuset Myrvang som står som arrangør av julemessa, fortalte Elsa Kvande som var primus motor for arrangementet.  

Vi har laga eit lite fotogalleri frå julemessa i Myrvang – her treffer du kanskje kjentfolk.  Alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. november 2024, 12:58