Det tegnar til å bli ein bra innspurt på fisket i Toåa i august. Den siste veka (veke 34) er det alt gjort 11 fangstar – 7 laks og 4 sjøaurar. Dei 11 fiskane har ei gjenomsnittvekt på 2,6 kg, der den største laksen er på 7,0 kg og vart teken ved Steinutgarden i Brusetmarka sist tysdag.

Leiar i Todalen elveeigarlag Stig Husby er godt nøg med årets sesong – no håpar han på ein god innspurt den siste veka. Foto jon Olav Ørsal
Det er eit engelsk følgje som har tilhald på Todalshytta som har vore aktivi Toåa denne veka, der dei fleste fangstane er smålaks/sjøaure som ligg på 1,0-3,3 kg . Fangstane er gjort nedover heile elva, med ei overvekt ved Steinutgarden og Ytter dammen.
Neste veke går vi inn i siste veka med fiske etter laks og sjøaure i Toåa, og styret i eleve3eigarlaget er spente på om vi får ein skikkeleg fin avslutning på sesongen slik som det ligg an denne veka. Til dags dato er det gjort 65 fangstar på tilsaman 186 kg. Det vil gje ei gjennomsnittsvekt på 2,9 kg og fordeler seg på 45 fiskar på 0-3 kg (69,2%), 15 stk på 3-7 kg (23,1%) og 5 laksar på over 7 kg (7,7%) Knappe 90% av fangstane er gjort med flue og av 65 fangstar er heile 58 sett ut igjen (89,2%).
Leir i elveeigarlaget Stig Husby er godt nøgd med fisket som har vore i Toåa når ein tek hensyn til at det har vore eit spesielt år med stengning på grunn av varmebølga som var i juli. No ser det ut til å bli fine tilhøve for fiske den siste veka som er igjen av årets sesong.