Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God graut og mykje folk på skimuseet

Dordi Jorunn Halle Fredag 6. juli 2018

Venneforeninga til Rindal skimuseum inviterte fredag til grautdag. Og i god tid før grautmarsjen vart spela, var tunet fullt av folk. Museumsgjengen måtte ta fram både fleire bord og stolar.

 

Grautmarsj. Foto: Dordi J H

Her vart det servert fire sortar graut: rømmegraut, risengrynsgraut, havregrynsgraut og byggmjølsgraut. Rømmegrauten var mest populær og god var han. Dei yngre gjestene sette mest pris på risengrynsgrauten; dei ville ha nissegraut! Byggmjølsgrauten er laga av byggmjøl, vatn og salt – altså vassgraut, men med brunost og sirup smaka dette kjempegodt! Garutpinn var morrhakk; uvant, men godt.

Det kom så mange grauthungrige at kokkane ei stund lurte på om dei hadde nok graut, men det gjekk godt å sjå til.

Etter grautetinga smaka det godt med kaffe og småbrød. Folk kosa seg i det idylliske og trivelege tunet på museet i Rindal

Ingunn Stokke spela inn grauten. Foto: Dordi J H

 

Travel dag for kokkane. Foto: Dordi J H

Grautkø! Foto: Dordi J H

Idyllisk på mueeumstunet. Foto: Dordi J H

Publisert: 6. juli 2018, 18:46