Vi har ikkje hatt noko tradisjon for feiring av påske på Todalshytta tidlegare, men i år opnes det for ein triveleg og fredeleg påskeaftan med servering av hamburger eller hyseburger med pommesfrites og salat – og med god drikke til. Så feirer vi påske på gammeldags vis med kortspell og brettspell. Påskeaftan er det ope frå 19:00 til kl 01:00.
«1.påskedag byr restauranten på basturøkt lammelår frå Storlidalen, eller Todalsbacalao med focciabrød. Eigen barnemeny med pølse eller burger med pommes stripes eller søtpotetchips. Restauranten er open frå 14:00 til 18:00. Todalhytta tek gjerne mot bestilling på telefon 975 16 103. Alt er heimelaga mat som er produsert på Todalshytta – velkomen!