Det var skikkeleg basarstemning og mykje folk som møtte opp da Trim-, ski- og friidretssgruppa arrangerte sin årlege basar. Klingande mynt i kassa vart det også, for basarkomiteen rapporterte om skikkeleg god respons på førehandssalet på Matkroken dei siste vekene og sjølvsagt var det triveleg at så mange kom på basar, sa leiar i Trimgruppa Jorun Nordvik da ho takka publikum etter trekninga.
Med 33 basargevinstar vart det stor bredde og 2 lange og velfylte basarbord, og totalt kom det inn over 30.000 på basaren og det er pengar som kjem godt med i drifta. Hovudgevinsten som var eit par ski av siste skrik, og desse vart det selt mest lodd på av alle og den heldige vinnaren vart Gunda Bele som nok blir å finne i lysløypa med nye ski i vinter.
Under basaren var det også tid for eit avbrekk med underhaldning, der Gunnar Nordvik viste lysbilder frå klatreaktivitetane som var på 1990-talet. Det starta i det små i klatreveggen i klubbhuset og eskalerte til både Svinvikhamrane, Storfjellet, Skjerdingfjellet og til Innerdalsfjella – triveleg å sjå att gjengen som heldt på i dei nostalgiske bileta.
Tid for belønning var det også, da alle som har vore med på lagseriestemne i sommar fikk kvar si flotte skei som premie for innsatsen. Godt besøk på trimpostane har det også vore i sommar – heile 3863 turar har det vore på dei 10 postane til saman – flest turar var det registrert på løfta med 803 – med Storhaugen hakk i hel med 765 besøk.