Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God gammaldags basar

Elinor Bolme Torsdag 20. november 2014

Stangvik grendalag inviterer til basar og tombola laurdag 22. november kl. 16.00. Den siste tida har strikkepinnane, heklenålene, symaskinene og snikkarutstyret vore i full sving for å laga gevinstar til tombolaen. Her kan ein vinne julepynt, hyller og mykje anna. Elles blir det som vanleg eit stort basarbord med mange flotte gevinstar.

bondehuset

Kristian Madaus prøver lykken under fjordårets basar.

Om nokon vil konkurrere i pilkast, skyting eller ballkast vil det vere høve til det, og det er svært fine premiar til dei beste kastarane og skyttarane. Stangvik grendalag byr òg på god, heimlaga mat. Tradisjon tru er den gratis. Men sjølvsagt håpar grendalaget at dei som kjem tek masse lodd og kjøper mykje årer på tombolaen.

 

Først publisert: 20. november 2014, 06:37 - Sist oppdatert: 19. november 2014, 23:41