Dagens romjulsmarsj gav inga rekorddeltaking, men ca 120 personar tok turen rundt bygda i det tradisjonelle arrangementet i regi av Todalen Idrettslag. Vêret var litt ruskete, med både snø og haggel i mellom vindkulene. Men alle vi møtte på vår veg var positive og blide og tykte det var godt å få litt friskluft og mosjon mellom bordsettingane.
Som alltid var det to stasjonar med høve for forfriskningar på Sandstad og Bruset. Her fikk deltakarane både kakao og gløgg, samt muligheiter for å gjere eit kupp i idrettslagets lynlotteri.
Under er eit lite bildegalleri frå todalen.no sin fotsoldatar…