«Kom til Sanitetshuset så snart du har anledning». Det var telefonbeskjed medlemane i beredskapgruppa i Todalen Sanitetsforening fikk da ledaren i beredskapsgruppa Kari Kvendset starta ringerunden laurdag formiddag kl 10.42. Temmeleg nøyaktig 5 minutt etterpå stod Åse Redalen i døra på Sanitetshuset som den første, og i minutta etterpå kom medleman i gruppa i tur og orden. Sjølvsagt er det ferietid og tilsaman 4-5 personar var bortreist på ferie eller anna ærend. Men i løpet av eit kvarters tid var 8 personar møtt opp og klare til å gjere ein innsats.
Todalen sanitetsforening har nemleg avtale med Surnadal kommune om å være ei lokal beredskapsgruppe i tilfelle brann, ulykker, leiteaksjonar etc. Ansvaret deira er omsorg, mat og hus. Det vil seie at dei skal sørge for mat til dei som tek del i redningsakjonar o.l. og sørge for husrom ved evakuering – og omsorg til pårørande og andre som har behov for det.
Denne gongen var det berre ei øving, for å sjå kor snart dei klarte å mobilisere beredskapslaget. Ingen visste noko om øvinga på førehand, men dei fekk testa varslingslista og sjå at ting fungerte. Ledar i beredkapsgruppa Kari Kvendset var storfornøyd med responsen og oppmøtet, og ho hadde kaffe og is klart til dei frammøtte nøyaktig 18 min etter at ringerunden starta. Den improviserte formiddagskaffen vart bruka til ein rask gjennomgang av beredskapsplana. Gruppa har tidlegare i vår teke del i kurs saman med dei ansvarlege i Surnadal kommune, og lært mellom anna stressmestring og omsorgsarbeid.
Første gongen sanitetens beredskapsgruppe fekk prøvd seg var under skogbrannen ved Hjellnes i juni 2007. Det var ein varm dag, der Saniteten sørga for mat og ikkje minst drikke til brannmannskapa.