Tysdag i den stille veka er fast basarkveld på Nordvik. Grendalaget er arrangør, og det er tydeleg at folket på Nordvik set stor pris på arbeidet til grendalaget; det var nemleg stort oppmøte og god, gammaldags basarstemning i Forsamlingshuset.
Her var det basarbord med mange, fine gevinstar og loddkjøparane var aktive. Gunn Tove og Hege var kjøkkenansvarlege og stilte med god og tradisjonell basarmat: graut og bakels, sjokoladekake og gele med vaniljesaus. På scena var det pilkast, kø heile tida og hard konkurranse om å få beste poengsum. Åresalg er tydeleg populært, her vart det runde på runde, og årene vart utselde kvar gong. Ungane fekk både selje årer og dele ut gevinstar – kjekt å få vere hjelpesmenn i ung alder. Dyktige var dei også!
Grendalaget på Nordvik er aktivt, det står for mange arrangement i løpet av året, heile tre arrangement berre i løpet av påskehelga. I tillegg har dei fått set opp infotavle ved starten av Blomlivegen og namneskilt ute i marka. Ute i Haltbakkan har grendalaget trimbok, og Ingrid Nordvik vart uttrekt som vinnar av årets trimpremie. Og ikkje minst står dei for drifta av Forsamlingshuset som er ein viktig møteplass i lokalmiljøet.