Det var god gammeldags basarstemning da Ski- og friidrettsgruppa arrangerte basar sammen med Trim- og allidrettsgruppa. På denne basaren er det tid for premiering for deltaking både på lagseriestemna, Barn i løypa og andre aktivitetar som har vore arrangert i lysløypa på Tjønnmyran.
Det var også utdeling av krus for trimaktivtetane, dei som hadde flest turar på trimpostane og ein som var uttrekt fikk kvart sitt krus med namn på trimposten. Til saman var det registrert 4558 trimturar på dei 10 trimpostane, der Gunnøya/Toåa tursti hadde flest besøk med 1069 registrerte trimturar.
På basaren var det også bra med gevinstar og bra salg av lodd. Kveldens hovudgevinst gikk denne gongen til Trondheim, der Peder Klingen Talgø var den heldige vinnar av eit par randoneeski frå Kårvatn Fjellutstyr. Peder er nok kjent i Todalen da han har besteforeldre i Andersstua.
På førehandssalet kom det inn godt over femten tusen og sluttsummen for basaren kom på rundt 26.000 som altså blir delt på dei to gruppene, fortel Jorunn Nordvik som var basarsjef. – Ho takka alle for stor givarglede. Trekningslista frå basaren kjem nederst på sida med full oversikt over gevinstar og vinnarar!
Utdelinga av premiar for dei forskjellige trimpostane var slik: