Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God å vere i gang igjen!

Elinor Bolme Tysdag 21. april 2020

Fem av sju barnehageungar kunne i dag nyte våren og kvarandre sitt selskap i lag med dei tilsette ved Todalen barnehage. -Det er verkeleg godt å komme i gang igjen, konstaterer styrar Jorunn Nordvik og kollega Anita Brøske Nordvik. Det har vore ei rar tid, men no er vi klare for ein tilnærma normal kvardag igjen kunne dei fortelje.

-Barnehagen har vore i fullt bemanna sjølv om ungane har mangla. Vi har fått rydda, vaska og førebudd oss på ny kvardag med nye rutiner, seier Jorunn. -Som du ser er det gule leiker ute i dag. Alt er sortert og vaska, slik at vi skal ha betre kontroll på smittefaren. Dette gjer at vi rullerer på utstyret, slepp å vaske alt kvar dag og smitten får ikke grobotn.

Handhygienen er oppjustert, og barna kjem med matpakke framover. For å begrense smitte og gjere opning av barnehagar forsvarleg, er det nasjonalt sett i gang ei rekkje tiltak i barnehagane. Dei tre grunnpilarane for å bremse smittespreiing er:

  1. Sjuke barn og vaksne skal ikkje vere i barnehagen
  2. God hygiene
  3. Redusert kontakthyppigheit mellom personar

Alle dei tilsette har vore på smittevernkurs før oppstart og er klare for å gjere kvardagen så «normal» som muleg for dei minste. Alle barnehagane har også lik åpningstid no i starten. 8-14.30.

Ungane i i Todalen er nok i ein heldig situasjon, da dei allerede er få i tallet slik at dei er godt innafor folkehelseinstituttets sine retningslinjer for korleis kohortane (ei fast gruppe med barn og ansatte, som minst mulig blandas med andre grupper) skal fungere saman. Les meir om barnehageveiledaren her: Veileder om smittevern i barnehager under covid-19 utbruddet 2020

Etter mange veker heime var det godt å endeleg kunne treffast.

Godt å få komme i gang igjen, med faste rutiner som sandkakekaffelag.

Skuleplassen er tom enda, men på måndag får gjengen i barnehagen selskap av ungane i 1.-4. klasse. -Det ser vi fram til, seier Jorunn.

Med gode rutiner og trygge rammer blir det nok bra!

 

Publisert: 21. april 2020, 17:15