Kveldens juleavslutning ved Todalen oppvekstsenter fylte heile gymsalen til siste ledige stol i forbindelse med den tradisjonelle juleavslutninga på skulen. Ungane både på barnehage og skule hadde øva inn fleire songnummer, og dramatisert historia om «Gnoflenes dans». Det var kanskje ei ukjent historie for mange, men fornøyelig var ho i alle fall. Her var det store intriger mellom julenisser, troll gnoflar og visedvergane som heldig vis endte godt til slutt.
Barnehageungane hadde som vanleg øva inn eit eige nummer. Denne gongen den lystige songen Julius» glade sang fra barne-tv serien Snøfall.
Under er enda fleire bilder fra forestillinga. Alle foto ElinorB