Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Glittertind – billettsalet har starta….

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. juni 2014

Førehandssalet av billettar til Glittertindkonserten er kome i gang på Matkroken L. Hals, fortel stemnegeneral for Todalsdagen Knut Bergli. Han fortel at det har vore stor interesse for konserten, og han reknar med «stinn brakke» når Glittertind dreg i gang konserten i Todalen ungdomshus laurdag 28. juni kl 21.00.

Bergli gler seg til å invitere både sambygdinger og andre til konserten, og fortel ivrig  at dei vil by på både asiatisk grillmat, hamburgere, kald drikke og ikkje minst sommar og sol ei god stund utover kvelden. Dette blir heilt garantert bra, slutter Bergli.

Konserten er siste del av arrangementet rundt Todalsdagen, som består av både cupfotball, loppemarknad, trekning i SuperLotteriet og mosjonsløpet RætaOpp.

 

Publisert: 17. juni 2014, 19:16