Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gler seg til å starte på heimebane

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. juli 2025

No er det knappe tre veker til Kårvatn Skyrace 2025, som arrangerast på Kårvatn laurdag 16. august.  Det ligg an til rekorddeltaking, og det har alt kome påmelding frå 40 deltakar som altså stiller på startstreken i gardstunet på Kårvatn.  Erik Kårvatn som er fast inventar på randonee-landslaget stiller til start på heimebane denne dagen, og er godt forbredet på det.  – Eg har aldri vore så godt trena som eg er no, og eg gler med til full rundtur i 29 km-løypa.

Frå starten på 15 km i 2024 – med Erik, Aron og Isak i tet. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

I sommar er han heime på Kårvatn og har sommarjobb med skogrydding og gardsarbeid, slik at eg har gode treningsforhold rett utafor stuedøra.  – Seinast i går var eg på Tveråbotnfjellet og tok ein runde etter resten av langløypa.  Det er kjempefine forhold i traseen som har vore bruka dei tre siste åra – fin utsikt og meir varierte løyper.  Det er tilsaman 6 forskjellige løyper som skal brukast under løpet.  15 km og 29 km for for skyrace.  I tillegg er det 2 10-km for trimklasse og 12-14 år.  Ei løype på 2,5 km for barn& ungdom og ei familieløype på 4 km.  Her kan alle bli med på sitt eige nivå.  

Det er enno eit par veker til påmeldingsfristen går ut.  I fjor var det heile 145 deltakarar – dersom det blir ein finvêrsdag vil det nok bli enda fleire i år, trur Erik.  Det er i år 7. gong det blir arranger Kårvatn Skyrace.  

Erik på pallen. Erik er veltrena og i god form til Kårvatn Skyrace om knappe 3 veker. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 29. juli 2025, 06:00 - Sist oppdatert: 28. juli 2025, 21:23