Stemninga hos revygjengen virka for å være avslappa og kontrollert da vi tok ein visitt revygjengen som øver i ungdomshuset søndag kveld. Det er den utsette julerevyen «#VIÅ» som kjem no komande onsdag kveld i ungdomshuset. Vi har ingen raud tråd, men det blir mykje om «gjøren og laden» i Todalen vi kjem til å by på – og vi har mange gode og nyskrevne songtekstar å by på, seier Nils Ove Bruset og Anders Gjeldnes som står i bresjen for revyen.
Det blir mykje dagsaktuelle ting, slik som om Øyabrua og dalavegan, og vi kan vel også røpe at Gøran Bolme kjem og blir med oss som gjesteartist. Han har også ein del nytt og artig stoff som vi skal få stifte bekjentskap med. – og så har vi eit svalutningsnummer utan sidestykkje, og dersom det ikkje slår til for full blir vi overraska, seier dei to lurt. Resten av programmet held dei tett inntil brystet foreløpig, men vi tippar at vi får ei fortsetting på «soga»?
Det blir iallfall både revy og fest, med både levande dansemusikk og god mat – og billettar får du kjøpt på Matkroken Todalen!