Onsdag var Kampsportlinja ved NoFo på Todalstur for å gjera seg kjent. Dei hadde med seg eigen kjentmann, Kjell Gunnar Polden, som losa elevane oppover bygda til dei kom til veis ende ved Nauståfossen. På turen fekk dei sjølvsagt med seg både verdens beste drivstoff, HalsOil, graut og bakels med Karen Johanne og slakting av hjort på Talgø gard før dei fortsett vidare. Vi har fått både bilder og vidare omtale med Kjell Gunnar – bla vidare…
Kultur og naturopplevingar i Todalen
Kampsportlinja på Nordmøre Folkehøgskule er ikkje berre opptatt av kampsport. Like viktig er allsidige kultur og naturopplevingar. Kva er da betre enn å ta turen til Todalen. Første stopp er naturleg i Svinvika, der du finn båe arboret, gourmetrestaurant og tre århundre med vegbygging som vises utan at du treng å snu på hovudet.
Matkroken er ein institusjon i seg sjølv med Hals Oil og det heile. Graut og bakels er også viktig, noko Karen Johanne Talgø sørga for, til stor glede for elevane. Serveringa forgjekk på Talgø Gard, før turen gjekk vidare til Kårvatn med tur både innom butikken og til Nauståfossen. Det er eksotisk for folk frå andre plassar i landet å ta turen dit du finn Europas reinaste luft og vatn. Langt meir eksotisk enn ein Europeisk storby dit «alle» dreg. Og i Todalen føler dei seg i tillegg både godt mottekne – og tekne vare på.