Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjorde seg kjent i nærområdet

Jon Olav Ørsal Fredag 12. juni 2015

10. klassetrinn ved ungdomsskulen i Surnadal har denne veka bruka eit par dagar til å gjera seg kjent i nærområdet. Torsdag trefte vi halvparten av elevane på Gammelfabrikken i Todalen, der dei hadde fått omvisning både ute i parkanlegget og inne i utstillingslokala til Talgø.  Denne dagen stod også Vangsgutane og ein tur innom Husby, før turen gikk vidare til gammelvegen i Svinvikkleiva.

UngdomsSk_gammelfabrikken_8971

Elevane fikk omvisning og orientering på utstillingssentret til Talgø. Foto: Jon Olav Ørsal

Gudmund Husby, som er pensjonert lærar frå ungdomsskulen, var kjentmann på runden rundt bygda. Han fortalte at at andre halvparten av elevane hadde gjort same runden dagen før og at det var Ola Magne Nordvik frå Talgø Møbelfabrikk som hadde teke mot elevane på Gammeldfabrikken og som hadde orientert om verksemda, produkta og litt om jobbmuligheter.

Publisert: 12. juni 2015, 16:23