Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjev pris tildelt Svinvik gard

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. november 2023

I ei pressemelding frå Innovasjon Norge, får vi opplyst at Svinvik gard er tildelt «Bedriftsutviklingsprisen i landbruket». På garden i Svinvika har det vore tradisjon for å tenke nytt. Tore og Kristina Svinvik stod ved eit vegskilje då dei tok over garden i 2015.

Dei tok eit modig val. Mjølkeproduksjon eller restaurantdrift. Dei valde det siste og gardsrestauranten Svinvik gard såg dagens lys.


Fakta om Bedriftsutviklingsprisen i landbruket»

Innovasjon Noreg deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag fra Landbruks- og matdepartementet. Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellykka bedrift eller næring med basis i ressursane frå bygda og landbruket. Kvart år blir det kåra ein vinnar i kvart fylke, som får 50 000 kroner. Dei fylkesvise vinnarane kjempar deretter om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.


Heile saka kan lesast på driva.no (krev abonnement). 

 

Publisert: 8. november 2023, 15:05