Det var Surnadal Sparebank som gjorde ære og stas på Sanitetskvinnene i Surnadal – det vil si dei tre sanitetsforeningane i Surnadal, Torvik og i Todalen. Tysdag vart dei overrekt Surnadal Sparebanks Utviklingspris – den tjuande i rekkja og kanskje den siste. Iallfall den site i Surnadal Sparebanks regi, etter som banken blir ein del av Sparebank1 Nordmøre frå 3. mai.
Det var Banksjef Allan Troelsen som delte ut prisen, som var ei godt bevart hemmeligheit for Sanitetskvinnene. Dei varnemleg «lurt» til banken på eit anna møte, for å ta i mot den gjeve prisen. Troelsen sa i si begrunning at Utviklingsprisen er ei påskjønning til nokon som gjer litt ekstra, og som utgjer ein forskjel i arbeidet for andre, og er ein viktig aktør for samfunnet – ikkje minst i kristiske og sårbare situasjonner. Lokalt legges det ned ein betydeleg innsats for våre innbyggere og særleg med vekt på helse og miljø for for alle. Det er styret i Surnadal Sparebank som bestemmer kvens om får Utviklingsprisen.
Britt May Hollås, Ellinor Bolme og Maren Ansnes tok i mot prisen på kroner 30.000, samt diplom og kake på vegne av Sanitetskvinnene i Surnadal og tykte det var stor stas. Dei poenterte at dei tok i mot prisen på vegne av alle medlemane. Britt May Hollås fortalte at dei no i disse dager legg ned ein stor innsats i samband med det store vaksinasjonsprosjektet som pågår. Her jobbar Saniteten sammen med Røde Kors, og Hollås så at dette hadde vorte vanskeleg å gjennomføre uten alle dei frivillige. Ho tok også til orde for å få med fleire som medlemar, så derso vil være med og bidra så er det berre å ta kontakt.