Onsdag kveld var brannmannskapene tilhørande Todalen og Kvanne samla på Stangvik skule til gjennomgang av bruk av nytt utstyr ved overgang til Nødnett. Til dagleg har dei alle varslarar på seg som er kopla til 110 sentralen i Ålesund. Dagens system kan til tider opplevast ustabilt. Todalen har som kjent hatt utfordringar med signal og utfall av sendar som signala går igjennom. I løpet av våren går dei og resten av Surnadal brannvesen over til det nye nødnettet som er meir robust enn vanlege telenett og dette vil derfor opplevast som tryggare for dei som treng hjelp.
Målet med nødnettet er først og fremst å tilrettelegge for meir effektiv og sikker kommunikasjon internt i og mellom, politi-, brann- og helsetjenesta. Innføring av nettet vil gi nødetatane eit felles kommunikasjonsnett, i motsetning til dagens samband der kvar enkelt etat har separate, analoge radionett.
Det digitale nettet vil utnytte frekvensressursene betre enn dei gamle analoge netta og tillate fleire brukarar pr. MHz. Det vil også gi betre talekvalitet og umuleggjere avlytting av sambandstrafikken.
I tillegg til dei tre nødetatene (politi, helsevesen og brannvesen) vil potensielle brukarar av Nødnett være Forsvaret, Sivilforsvaret, Fengselsvesenet og frivillige organisasjonar(wikipedia).
Under er eit lite bildegalleri frå opplæringa. Foto brannsjef Tor Arne Moen