Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjer klart til ny sesong i arboretet

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. mai 2025

Rhododendronblomstringa i Svinviks arboret har stått i rå dei siste par vekene, seier musemsgartner Patrick Nilsen.  – For eit par veker sia lag vi an til tidleg blomstring, men det har vore surt og kaldt, så da stoppa det opp.  No ser det ut til å bli meir varme, og vi vil nok merke at blomstringa skyt fart dei neste dagane. 

Krattrydding pågår – Ildri Skuggevik, Sven Olav Svinvik, Kjell Bævre og Harald Myrås

Søndag er det sesongopning, og det passar nok bla inn i syklusen til rhododendronblomstringa.  Neste veke vil det nærast eksplodere, og neste helg vil vi kanskje nærme oss toppen for rhododendronblomstringa, seier Patrick Nilsen.

Rhododendronblomstringa er så smått komen i gang. Foto Jon Olav Ørsal

Onsdag kveld var det vårdugnad i arboretets hage – ei stor tropp, mellom anna frå Surnadal Hagelag deltok i dugnaden, og det blir nok ein fin og ryddig hage før dei gir seg i kveld.  Det er fast takst å arrangere ein dugnadskveld siste veka før opninga.  Da blir blomsterbeda «pussa opp», og det blir saga ned og rydda i kratt og busker, og det er utruleg kor effektiv det blir når ein er mange som går på ein slik ryddejobb. 

Men det er ikkje berre rhododendron som blomstrar – her er japankirsebær. Foto Jon Olav Ørsal

Etterpå var det sjølvsagt dugnadskaffe i kaffeteriaen, med mykje godt til kaffen.  Som sagt er det sesongopning i Svinviks arboret søndag, med opningstider frå 11 til 16.  

Eit lite bildegalleri frå arboretet – både folk og planter –  alle foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 8. mai 2025, 05:00 - Sist oppdatert: 7. mai 2025, 19:47