Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjer klart for fiber i Brusetgrenda

Dordi Jorunn Halle Torsdag 27. august 2015

Denne veka er det gravearbeid for å gjere klart til fiberlegging i Brusetgrenda. Fibernettet er ført fram gjennom luft til transformatorpålane på Brennmyra like ovanfor Todalshytta. Men når det gjeld fibertilførsel lenger oppover bygda, må kabelen leggast i jorda. Sigfred Gravvold og Jon Reidar Husby arbeider med dette no på oppdrag for Svorka. I første omgang blir det ned til Bruset, men plana er å grave seg vidare innover mot Brusetmarka.

IMG_6180

Nede i grøfta ser ein rør for tre fiberkabel gjennom, gul søkbar ledning og oransje merkeband. Foto:D.J.H.

Grøfta skal vere minst 60 cm djup i dyrkamark, elles kan det halde med ein halv meter. Nedst i grøfta legg dei rør der fiberkabelen skal treast gjennom, over der søkbar ledning, så eit lag jord før dei legg ned oransje merkeband. Viss ein ved gravearbeid støyter på slike merkeband, betyr det altså : «Stopp! Ikkje meir graving her!» Jobben er ikkje fullført før grøfta er kasta att. Karane var blide og tykte dette var ein grei jobb i finveret!

IMG_6186

Her blir det gjort klart for fiber ned til Bruset og vidare innover bygda. Foto:D.J.H.

 

 

Publisert: 27. august 2015, 08:00