21. desember er det nøyaktig 30 år sidan vi benka oss rundt Norge Rundt for å sjå kjentfolk gi liv til karakterane i Vangsgutane. Lite viste vel resten av Noreg at butikken som Eirik Husby går inn i for å finne juleheftet i bladhyllene ikkje var sjølvaste «bua» til handelsmann Nordvik. Hals eft. hadde nemleg for moderne fasade i 1990 til dei i NRK som laga innslaget, og ein tok turen til Kvanne der tida hadde stått litt meir stilt på eksteriørfronten.
Det er historia om postjuven som blir spela ut av lokale krefter. Og jakta i snøen på pengbrevet er vel noko av det skumlaste festa på film … så då er du advart, men ta deg likevel ein kik på denne perla i NRK-arkivet.
Lenka finn du ved å trykke her!