Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjensidige gir igjen

Elinor Bolme Onsdag 12. februar 2014

Gjensidige Surnadal har atter ein gong bidrege til tryggleik i nærmiljøet vårt. Siste givargleda deira er ein splitter ny hjertestartar til Surnadal trening- og velværesenter. Det har i den seinare tid vore fleire hendingar som ein har kunne lese om der liv har gått tapt i forbindelse med trening. Både av unge, eldre og ikkje minst godt trena personar. Fleire og fleire lag, organisasjonar og bedrifter rundt om har gått til anskaffelse av livreddande hjertestartar.

Dagleg leiar ved Gjensidige Surnadal Stig Sæther fortel at dei som det lokale forsikringsselskap er glad for å kunne være med å bidra med skadeforebyggjande tiltak i kommunen. Dei har tidlegare vore med å sponsa ein liknande hjertestartar til Nordmøre Folkehøgskule i lag med Surnadal sparebank, og sjølvsagt den som vi har i Todalen (Hjertine)

Surnadal trening-og velværesenter sin hjertestartar vil bli hengjande lett tilgjengeleg for både brukarar og ansatte i senteret, og Ann Kristin Bruset lovar opplæring til sine ansatte.

 

Publisert: 12. februar 2014, 22:48