Da frivilligsentralen opna 10. mars, var det berre såvidt dei rakk å opne døra for brukarane – før dei måtte stenge igjen. I dag – etter 7 månader med koronastenging var det markert at dei opna dørene igjen. – Vi var max uheldig med timingen for opninga, men er glad for at vi no har fått opne dørene igjen, seier Hilde Staveli Solli som er dagleg leiar ved Frivilligsentralen.

Alle er glad for at Frivilligsentralen har opna igjen. Frå venstre Reidar Brøske, Lilli Hysby, Hilde Staveli Solli og Lars Sæther. Foto: Jon Olav Ørsal
Men no har vi fått alle smittevernhensyn på plass og gleder ogss til å kome i gang med aktivitetane. Dei første brukarane var på plass måndag kveld, da Folkeakademiet tjuvstarta litt. I dag er det dagsentret for eldre som brukar lokala og torsdag er første kveld med ungdomsklubben planlagt. – Her får vi ei trinnvis opning, fortel ungdomssekretær Lars Sæther, da deltakarane i første omgang må ha same klassetrinn – derfor må vi dele kveldane. Etter kvart vil vi få ei turnusordning som fordeler bruken av klubblokalet framover til jul. Komande torsdag er 8. og 9. klassetrinn, på plass i gjenopna ungdomsklubb frå 17.00-18.30 og 19.00-20.30 for 9. trinn. .
Surnadal pensjonistlag har også meldt sin interesse, og vil arrangere treff med kafédag på fredagar. Da kan medlemane og andre stikke innom og treffe andre i eit triveleg sosialt lag. Tider for bruk blir annonsert på heimesidene til både Frivilligsentralen og heimesidene til brukarane – eksempelvis Surnadal pensjonistlag eller ungdomsklubben.
Etter 7 månaders ufrivillig pause er det godt å kome i gang igjen, seier Hilde Staveli Solli, som håper at det no kan bli tilnærma normal drift i tida framover. Kulturleiar Lilli Husby er også enig i at det er på tide at det vart ny start på Frivilligsentralen – som er lokalisert i Fiskebygget der Sentrum klær heldt til.

Rickard Larsson fra Trollheim Reklame tapetserer siste veggen før alt er klart. Foto: Jon Olav Ørsal

Surnadal Frivilligsentral er lokalisert i Fiskebygget, der Centrum klær heldt til tidlegare. Foto: Jon Olav Ørsal